Du trenger:
Sagopudding
- 1 l heilmjølk
- 1,5 dl sagogryn
- 2 ss smør
- 3 ss sukker
- 1 egg
Raud saus
- 2 dl bringebærsaft
- 3 dl vatn
- 1 ss potetmjøl
- 2 ss kaldt vatn
Slik gjør du:
Lag sagopudding. Kok opp mjølk og ha i gryna. Lat det koke forsiktig mens du rører. Kok i ca. 20 minutt eller til det vert ein tjukk graut.
Ta gryta av plata og avkjøl i fem minutt. Ha i smør. Halvpisk sukker og egg, og rør det inn i puddingen. Hell puddingen i små skåler og avkjøl.
Lag raud saus. Kok opp bringebærsaft og vatn i ein kjele. Rør potetmjølet ut i kaldt vatn og ha i det i kjelen. Kok til sausen tjuknar. Dersom han er for tynn, kan du ha i meir potetmjøl, og er han for tjukk, kan du ha i meir vatn. Ta kjelen av plata. Strø litt sukker på toppen så det ikkje dannar seg snerk. Set sausen til avkjøling.
Sagopuddingen og den raude sausen skal vere avkjølte før servering.
Oppskrifta er henta frå boka Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder
