Vurdering

4.4
(38)

Smuldrepai med kokos

Ein enkel pai med mykje bær og frukt. Frisk, søt og supergod!

Du treng:

  • 300 g bringebær
  • 100 g eple
  • 100 g rips
  • 4 ss flytande honning
  • 3 ss sukker
  • 4 eggekvitar
  • 200 g kokosmasse
  • 100 g sukker

Slik gjer du:

Skrell epla og kutt dei i små terningar. Ha epleterningane og bæra i ei eldfast paiform på 24 cm. Ha over 4 ss sukker og flytande honning og bland dette lett inn. Du kan variere med å bruke andre slag frukt og bær.

Pisk eggekvitane saman med sukkeret til ein kvit, seig masse. Vend inn kokosmassen. Ha det i ein kjele og varm forsiktig til det blir ein tjukk masse.

Fordel massen over paien og steik i omnen på 160 grader i 35 minutt.

«Frisk, søt og god!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.4 / 5. Antall stemmer: 38

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter