Du treng:
- 600 g nypoteter
- 2 ss smør
- 1 liten lauk
- 3 kvitlaukfedd
- 2 ss graslauk
- 2 ss oregano
- 2 ss mynte
- 4 ss olivenolje
- Bruk dei urtene du har, alt blir godt.
Slik gjer du:
Vask og skrubb potetene, kok dei møre i vatn. Hell av kokevatnet og damp dei tørre.
Ha lauk og kvitlauk i ei steikepanne med smør og steik dei blanke. Hakk urtene og ha dei i panna. Legg i potetene, og trykk litt på dei så dei sprekk opp. Då trekkjer dei til seg meir smak. Ha over olivenolje og bland det godt inn.
Steik eit par minutt til og server urtepotetene lune.
«Noko av det beste eg veit!»
