Du treng:
- 1 ½ dl langkorna ris
- 3 dl vatn
- 2 dl fløyte
- 2 ss sukker
Raud saus:
- 400 g friske eller fryste bringebær
- 100 g sukker
- 1 dl vatn
- 1 ss potetmjøl
- 3 ss vatn
Slik gjer du:
Kok risen som det står på pakka. Skyl han i kaldt vatn etter at han er kokt, og lat han renne godt frå seg. Visp fløyten til krem og ha i sukker medan du piskar. Bland risen i kremen og set han kaldt.
Du kan òg lage riskrem med restar av risgraut, bruk då ca. 5 dl risgraut og bland han godt med kremen.
Lag raud saus. Kok opp bær, sukker og vatn og lat det koke i ca. 8 minutt. Hell bæra og sukkervatnet gjennom ein sil og oppi ein kjele. Press bæra gjennom silen slik at frøa ligg att. Kast frøa.
Bland potetmjøl i litt vatn og hell det i ein tynn stråle i sausen medan du rører. Gjev sausen eit oppkok.
Dersom du tykkjer sausen er for tynn, har du i meir potetmjøl som er blanda ut i vatn. Oppskrifta gjev ca. 3 dl saus.
Server riskremen med den raude sausen.
«Klassisk juledessert!»
