Vurdering

4.2
(46)

Byggrynskrem med raud saus

Byggrynskrem med raud saus er ein supergod tradisjonell norsk dessert.

Du treng:

  • 1,5 dl byggryn
  • 8 dl heilmjølk
  • 3 ss sukker
  • 3 dl kremfløyte
Raud saus:
  • 400 g friske eller fryste bringebær
  • 100 g sukker
  • ½ dl vatn
  • 1 ss potetmjøl
  • 3 ss vatn

Slik gjer du:

Legg byggryna i bløyt over natta. Hell av vatnet. Kok byggryna i mjølk og sukker. Grauten skal småkoke i ca. 1 time. Du må passe på å røre i gryta ofte, så han ikkje vert brend.

Avkjøl grauten. Pisk kremfløyten stiv saman med sukker. Vend kremen inn i den kalde grauten med ein slikkepott. Vert han for tynn, kan du berre piske vidare med byggryna i.

Lag raud saus. Kok opp bær, sukker og vatn, og lat det koke i ca. 8 minutt. Hell bæra og sukkervatnet gjennom ein sil og oppi ein kjele. Press bæra gjennom silen slik at frøa ligg att. Kast frøa.

Bland potetmjøl i litt vatn, og hell det i ein tynn stråle i sausen mens du rører. Gjev sausen eit oppkok. Dersom du tykkjer sausen er for tynn, har du i meir potetmjøl som er blanda ut i vatn. Oppskrifta gjev ca. 3 dl saus.

Ha over hakka nøtter før servering. 

Oppskrifta er henta frå boka Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.2 / 5. Antall stemmer: 46

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter