Vurdering

4.8
(5)

«Fredagstaco» med norsk vri

Oppskrifta er henta frå Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder (Vigmostad & Bjørke, 2022)

Du treng: 

  • 1,5 kg svinenakke eller nakkekotelettar av svin
  • 1 dl vatn
  • 1 ts salt
  • 1 ts pepar
  • 2 kvastar rosmarin
  • 3 kvastar timian
  • 150 g salat
Eplekaker (potetlefser):
  • 500 g poteter (helst Beate)
  • 1 ts salt
  • 1 ss smelta smør
  • 2 ss mjølk
  • 2 dl kveitemjøl
Sylta raudkål:
  • ½ raudkål
  • 1 dl eddik 7% klar
  • 2 dl sukker
  • 3 dl vatn
Rjomedressing:
  • 3 dl rjome
  • 3 ss raspa peparrot

 

 

Slik gjer du:

Ha svinenakken i ei eldfast form, og ha 1 dl vatn i forma. Krydre med salt og pepar, og legg i kvastar av rosmarin og timian. Ha det i ein steikepose eller dekk til med steikefolie. Steik på 100 grader i 8 timar.

Lag  eplekakene.  Kok  og  avkjøl  potetene.  mal  dei  i  ei kjøkenkvern. Ha i mjølk, smør, salt og mjøl. Tilpass mengda mjøl så deigen vert god å kjevle ut.

Del deigen i emne på ca. 70 g. Kjevl eller trykk ut deigemna med hendene til ein runding som er ca. 15 cm i diameter og 3–4 mm tjukk.

Steik eplekakene på middels varme utan smør i ei steikepanne eller på takke. Snu kakene når dei har tydelege brune flekkar. Eplekakene er ferdig steikte når dei blæs seg opp. Oppskrifta gjev ca. 8 eplekaker.

Lag sylta raudkål. Skjer raudkålen i tynne strimlar. Bland eddik, sukker og vatn i ein kjele, og kok opp til sukkeret er oppløyst. Ha i raudkålen og kok 3–4 minutt. Ta opp den sylta raudkålen med ei holsleiv og legg han i ein bolle.

Lag rjomedressing. Riv peparrota fint og bland ho godt inn i rjomen.

Del opp salaten. Riv det møre kjøtet i passelege bitar med to gaflar. Ha salat, kjøt, sylta raudkål og rjomedressing i eplekakene, og nyt dei gode, norske smakane!

«Herleg fredagskos!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.8 / 5. Antall stemmer: 5

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter