Du treng:
- 1 ½ kg lammebog med bein
- 80 g smør
- 5 ss mjøl
- 1 l kraft
- 3 dl heilmjølk
- 300 g gulrot
- 200 g selleri
- 3 ss raspa peparrot (kan sløyfast)
Slik gjer du:
Fyll ein kjele med vatn så det dekker kjøtet. Du kan koke lammebogen heil eller i skiver. La det koke i ca. 2 timar.
Kutt grønsakene i passelege bitar, ha dei i ein kjele og kok dei møre.
Ta ein tredje kjele og smelt smøret. Ha i kveitemjøl og rør godt. Sil av ein liter kraft frå kjelen med kjøt. Spe med krafta. Rør godt medan du har i litt og litt kraft. Unngå klumpar. Ha i mjølk, og kok i 5 minutt.
Ha dei kokte grønsakene og kjøtet i sausen. Dersom kjøtet er skiva, så har du i kjøtet med bein. Dersom du har kokt ein heil lammebog, så lausnar du kjøtet frå beina og deler det i passelege bitar. Dersom du ønskjer ein frikassé som er litt spicy, så kan du finraspe fersk peparrot over rett før servering.
Pynt med litt persille på toppen og server med kokte poteter.
«Prøv røykt lammekjøt i frikasseen. Det smakar heilt fantastisk!»
