Du treng:
- 4 røykte sidebein av lam
- 4 brauleivar
- 1 l heilmjølk eller surmjølk
- sukker
Slik gjer du:
Fyr opp med god ved i ein omn eller lag eit bål ute. Vent til det vert glør, og legg sidebeina på. Grill nokre minutt. Dei vert raskt steikte av den sterke varmen.
Dersom sidebeina er veldig salte, må dei vatnast ut over natta. Tørk av vatnet og legg dei på glørne. Er dei lettsalta, kan du ha dei rett på glørne.
Knus brauet i ein djup tallerken og ha på mjølk og sukker.
Server kjøtsteik og brausodd saman.
«Nydeleg tradisjonsretten frå Setesdal!»
