Vurdering

4.5
(41)

Reinsdyrskavgryte med rosenkål

Ei herleg gryte som smakar av fjell og vidde. Passar perfekt for eit haustleg vennelag!

Du treng:

  • 600 g reinsdyrskav
  • 1 lauk
  • 200 g kantarell
  • 400 g rosenkål
  • 2 ss smør
  • 2 dl eplemost
  • 4 dl fløyte
  • 4 skiver brunost
  • 1 ss soyasaus
  • 4 ss rørte tytebær

Slik gjer du:

Kutt kjøtet i tynne skiver eller bruk ferdig kutta reinsdyrskav.

Ha reinsdyrskavet i ei panne og brun det med 2 ss smør. Legg det på ein tallerken.

Finhakk lauken og steik denne blank med 1 ss smør i same panna som kjøtet vart steikt i. Riv soppen i mindre bitar og del rosenkålen i to. Fres dette saman med lauken i 2 minutt.

Ha i eplemost, fløyte, brunost og soyasaus. Kok det i 2 minutt. Ha i reinskavet og kok 4 minutt til.

Smak til med salt og pepar og ha rørte tytebær på toppen. Server med kokte poteter.

«Perfekt haustmat!»

Hva synes du om denne?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering:

Vurdering: 4.5 / 5. Antall stemmer: 41

Ingen stemmer enda. Bli den første!

Populære oppskrifter