Du treng:
- 6 poteter
- ½ eple
- 2 nevar bladpersille
- 4 nevar blanda salat
- 400 g aure
Marinade:
- 1 kvitlaukfedd
- 2 ss olivenolje
- 5 g persille
- 1 ts honning
- ½ ts salt
- ½ ts pepar
- 5 g basilikum
Vinaigrette:
- 1 ss Dijon-sennep
- 2 ss kvitvinseddik
- 1 eggeplomme
- 1,5 dl olivenolje
- salt og pepar
- 4 egg
- 1,5 l vatn
- 4 ss eddik 7% klar
Slik gjer du:
Finhakk urtene og kvitlaukfeddet, og bland det godt saman med resten av ingrediensane til marinaden. Del fiskefileten i fire passelege stykke. Legg marinaden på toppen av fisken. Lat han ligge på fisken ca. 20 minutt.
Del salaten og persillen i mindre bitar. Kutt ferdigkokte poteter i skiver og kutt eplet i fine fyrstikkstavar. Ha alt i ein bolle.
Lag vinaigrette. Ha eggeplomme, kvitvinsedikk og sennep i ein metallbolle. Alt skal vere romtemperert. Ha i litt og litt olje mens du piskar godt med manuell visp eller elektrisk visp. Ha i berre nokre dropar olje i byrjinga og auk til ein liten stråle etter kvart. Smak til med salt og pepar. Ha vinaigretten over salaten rett før servering.
Posjer egga. Fyll ein kjele med 1,5 l vatn og ha i 4 ss eddik. varm opp til kokepunktet. Lag ein kvervel slik at vatnet går i sirkel. Dette hjelper til å samle egget så det ikkje flyt utover. Knekk så eitt og eitt egg oppi kjelen. Vatnet skal heile tida vere på kokepunktet, men må ikkje koke. Lat egga ligge og stivne i vatnet i ca. 4 minutt. Ta dei posjerte egga forsiktig ut og legg dei på ein tallerken.
Steik auren i smør på den eine sida til han så vidt er gjennomsteikt. Legg fisken over salaten. Legg så på dei posjerte egga og dressingen til slutt.
Server gjerne med grovt brød.
«Herleg salat med urtesteikt aure!»
