Du treng:
- 600 g poteter
- 600 g fjellaurefilet med skinn
- 2 ss smør
- 3 ss peparrot
- 3 dl seterrømme
- 50 g valnøtter
- 1 ss sitronsaft
- salt
- persille
Slik gjør du:
Skrell potetene og del dei i tynne skiver, tørk dei med kjøkkenpapir og pensl med olivenolje. Legg potetene i ei stor eldfast form og dryss på salt. Steik potetene i omnen på 240 grader i 15 minutt.
Tørk auren med kjøkkenpapir, og skjer skrå snitt på skinnsida.
Ha 2 ss smør i panna, strø litt salt på fisken og steik han med skinnsida ned på ganske høg varme i ca. 5 minutt til skinnet vert sprøtt. Steik han på berre éi side, du ser når han byrjar å verte ferdig, med at han endrar farge. Han kan godt vere litt rå på toppen. Då vert han saftig og god. Ikkje steik for lenge. Då vert han tørr.
Lag sausen. Rasp peparrot og bland med seterrømme. Hakk valnøtter og ha dei i sausen. Smak til med salt og litt sitronsaft.
Ha steikt fjellaure, steikte poteter og saus på tallerken og server. Pyntgjerne med bladpersille.
«Herleg rett med fjellaure!»
