Brødet har ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til oldtidas Egypt, og ingrediensane har meir elle mindre vore dei same sidan då: mjøl, vatn, salt og gjær. Korleis kan noko så enkelt smake så godt
Heimebaka er sunt og billig
No er det vel kanskje ikkje alle brød som smakar like godt. Fabrikkbrødet ein får kjøpt i butikken, styrer eg i all hovudsak unna. Eg bakar i staden sjølv, og gjerne fleire gonger i veka. Når ein bakar sjølv, bestemmer ein innhald og grovheit, ein slepp unødvendige e-stoff, og ein får eit brød som smakar kjempegodt.
Heimebaka brød er sjølvsagt òg sunnare og billegare, og har du gode rutinar, så er det òg mykje kjappare. Dessutan fyllest heimen med lukta av nysteikte brød. Eg kan ikkje tenkje meg noko som luktar betre.
Få ingrediensar gir stor variasjon
Når eg bakar brød, set eg enten deigen på ettermiddagen og steiker brødet før eg legg meg, eller så set eg deigen på kvelden og lèt han heve i kjøleskapet til morgonen etter. Nysteikte brød til frukost er både godt og triveleg.
Eg lagar både eltefritt og godt elta brød og varierer med ulike kornslag og grovheit på mjølet. Nokre brød bakar eg med surdeig og andre med fersk gjær eller tørrgjær.
Nokre brød steiker eg på høg varme i kort tid for ei sprø skorpe. Andre brød steiker eg på svakare varme over lengre tid for ei mjukare skorpe. Med få ingrediensar kan ein lage ulike brød med stor variasjon i smak og konsistens.
Heimebaka brød er sjølvsagt òg sunnare og billegare, og har du gode rutinar, så er det òg mykje kjappare. Dessutan fyllest heimen med lukta av nysteikte brød. Eg kan ikkje tenkje meg noko som luktar betre.

Det tek nokre timar frå deigen er sett, til brødet er steikt. Men ein står jo ikkje med deig til olbogane i timevis, og når deigen hevar, kan du gjere andre ting.
Mjøl var dyrt
Brød som er baka med surdeig eller gjær, har ikkje nokon viktig plass i dei gamle mattradisjonane frå Setesdal. Bakgrunnen er nok at dei berre dyrka bygg, og byggmjølet lèt seg ikkje heve ublanda. Importert mjøl var frykteleg dyrt, og det var berre til jul eller andre høgtider at dei kunne unne seg det.
Dette endra seg ein del på 1900-talet, og då mi gome vaks opp, var gjærbakst vanleg. Oppskrifta på stomp som du finn her på heimesida mi, har eg etter gome.
Rykande fersk
Litt lenger ned på denne sida har eg samla mine beste oppskrifter på brød eg ofte bakar heime. Alle brøda er godt utprøvde av familien min, og både born og vaksne likar dei.
Før, då borna var små, så baka eg ein gong veka og fraus ned brød så me hadde til neste gong eg skulle bake. I dag bakar eg heller oftare. Ikkje fordi det er noko gale med brød som har vore fryste, men fordi eg likar å bake, og så er det jo ekstra godt med rykande ferskt brød.
